fredag 17. juli 2009

Fylgjesvein



Lyset for
min fot
er kjærleiken
til deg
i morgonsol
over vårgrønne
skogar -
i vindens
linne drag
over blømande enger
kjenner eg kjærleikens
varme ande -
bak minnenes
lukka dør
gøymer eg
orda våre og
dagar av skinande liv.
Dagar av skinande liv -
min fylgjesvein,
du er min skugge
på einsame stiar,
saman ser vi
mot landet
bak blåner av lengt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar